
Orkla utgjer sjølve livåra i eit gammalt kulturlandskap, og stadnamna omkring elva gjev oss verdifulle innblikk i dei fellesskapane som har levd og verka her gjennom tidene. Denne boka byr på ei reise i tekst og bilde nedetter Orkladalen, frå Orkelsjøen på høgfjellet til osen i Orkdalsfjorden. Undervegs stoppar vi opp og ser nærare på noko av det store namnemangfaldet. Stadnamna er merkelappane folk har bruka for å orientere seg i landskapet. Med utgangspunkt i eit utval namn av mange slag - bygder, gardar, elvar og mindre stader - greier forfattarane ut om opphav og tyding og set namna i samband med allmennhistoria. Lesaren kan møte kjende og ukjende stader og lære meir om dialekt, kvar namna kjem frå, og korleis norsk heng saman med andre språk.
Page Count:
196
Publication Date:
2021-01-01
ISBN-10:
8283051024
ISBN-13:
9788283051025
No comments yet. Be the first to share your thoughts!